Spott og sneidord toler han ikkje. Den som gløymer det, går det ille, for nissen er sterk, enda så liten han er. Det var ein gong ein bonde som møtte ein nisse ein vinterkveld, og med myn-dig røyst baud han nissen gå or vegen. Men før han visste ordet av det, hadde den vesle rassen kasta han tvert over vegen og langt bort i snøfonna.

Enda verre gjekk det med ei jente som åt julegrauten sjølv og ga nissen berre tome fatet, berre for å erte han. Nissen tok jenta og dansa springar med henne så lenge at ho låg død på låven da dei fann henne morgonen etter. Medan dei dansa, song han:

Har du ete opp grauten for tomten du!

Så skal du få danse med

tomten du!

Og har du ete opp grauten for tomten du!

Så skal du danse med tomten du!

Nissane kosar seg i måneskin, og om vinteren kan ein sjå korleis dei morar seg på kjelke eller hoppar om kapp over skigardane. Somme tider gjev nissane seg i lag med ungane når dei ek på kjelke nedover låvebrua. Nissen brukar ei fjøl til kjelke, og for han går det like fort oppover bakke som nedover.

Enda nissen sjølv er ein munter kar, likar han ikkje ståk og styr, i alle fall ikkje torsdagskvelden eller helgekveldane. Godt likt er han for det meste, og mange stader seier dei: Nissen, han er gromguten vår, han!