ho er. Ei jente hadde vore på høytrevet og henta høy i forkledet sitt. Så merka ho noko i høyet som kjendest ut som ein ulldott.

Ho vart nyfiken, må vite, og ville sjå kva det var. Men da fekk ho ein støkk i livet, for nissen hoppa ut or forkledet hennar og skrattlo.

Slikt har nissen stor moro av, og når han har gjort ein skøyerstrek, set han gjerne opp ein stor lått. Ofte høyrer folk bandhunden gøy om natta, men dei skjønar ikkje kva han gøyr på. Da er det nissen som har vore ute. Han har stor moro av å klype katten i halen og erte bandhunden. Da sit han gjerne på vedstabelen og stikk fram snart den eine foten, snart den andre, og seier:

«Napp den! Napp den!» Og så ler han så hjarteleg godt.

Likar han mannen i huset, veit han ikkje alt det gode han skal gjera til beste for garden. Det blir til og med sagt at han dreg både høy og andre gode ting til gards. Han tek det frå grannane. Da hender det at nissane frå ulike gardar møtest og ryk i slagsmål så halm og høy står som ei sky kring dei.

Til vanleg er nissen ein skikkeleg kar. Får han godt stell, er han svært hjelpsam. Han hjelper budeia i fjøset og kjøkenjenta med skuring og vassbering og anna tungarbeid. Ofte gjer han det medan ho ligg og søv som best. Men så må ho heller ikkje uroe han, og ikkje gløyme å gje han ein godbit torsdags- kvelden, og særleg julekvelden. Da er det skikk å setja ut på låven til han både rømme-graut, øl, kake og andre godsaker. Nissen er kresen, men er han i godlune, og maten smakar, et han gjerne fatet tomt.