NISSEN
Andreas Faye
NISSAR VAR DET utruleg mange av i gamle dagar, mest kvar gard hadde ein nisse. No er det ikkje brått så mange av dei lenger. Nissane er ikkje større enn småungar, dei går i grå klede og har raud topplue på hovudet. Dei har berre fire fingrar på kvar hand, for dei har ingen tommelfingrar.
Nissen held til på låven og i fjøset og stallen for det meste. Der hjelper han til med å stelle buskapen og strigle hestane. Men han gjer stor skilnad på dei, nett som han gjer med menne-ska. Ein høyrer ofte at han tek høy frå krubba til ein hest og gjev det til dei hestane han likar best, og desse hestane held han særskilt blanke og fine. Det hender dei står med krubba full om morgonen, og dei andre har mest ikkje fått noko.
Nissen gjer mange skøyerstrekar. Somme gonger slepper han alle kyrne laus i fjøset, og stun-dom skremmer han budeia med å blåse ut lyset for henne.
Det har og hendt at han held så fast på høyet når ho kjem og skal hente for til dyra, at ho må hale og dra av alle livsens krefter. Så slepper han brått, så ho dett bakover på ryggen så lang